
Afternoon tea
Kvar laurdag serveres Afternoon tea i Solstova, 14–16. Reserver bord for ei smaksoppleving med historiske røter.





Padle gjennom ein av Noregs vakraste fjordar, omkransa av majestetiske fjelltoppar som speglar seg i vatnet. Med utgangspunkt frå nausta rett nedanfor hotellet, inst i Norangsfjorden padlar du stille over vatnet, driven framover av eiga kraft medan du utforskar den spektakulære fjordarmen.
Fjorden ligg som regel roleg og innbydande, godt verna mot vêret frå storhavet. Ta ei pause og berre nyt ein augeblink, sjå husdyr som beiter langs fjordkanten og ta inn den særeigne stilla. Med fjellveggar som stig over tusen meter rett opp frå fjorden, blir dette ei oppleving du seint vil gløyme.

Frå 1 699,- per person for guida fellestur. Daglege avgangar frå kl. 14.00–16.30
Frå 7 100,- for privat guida tur (prisen gjeld for 2 personar, maks deltakarar er 8 stk.)