
Afternoon tea
Kvar laurdag serveres Afternoon tea i Solstova, 14–16. Reserver bord for ei smaksoppleving med historiske røter.
BESTILLING
Gjesten får tilsend ei stadfesting av reservasjonen på e-post. Det er 18 års aldersgrense for å reservere overnatting. Hotellet tek atterhald om retten til å kansellere reservasjonen ved ankomst dersom gyldig legitimasjon ikkje kan leggjast fram.
INNSJEKK – UTSJEKK – AVBESTILLING
Innsjekk frå kl. 16.00. Innsjekk etter kl. 18.00 må avtalast.
Utsjekk før kl. 12.00. Seinare utsjekk må avtalast.
Gyldig kredittkort er påkravd for å gjennomføre reservasjonen. Kortet vert belasta 30 dagar før ankomst, etter at fristen for kostnadsfri avbestilling er utløpen. Nokre tilbod er underlagde særskilde vilkår. Desse går fram av informasjonen som vert gjeven i samband med reservasjonen. Betaling for minibar, bar, middag, romservice og liknande skjer ved utsjekk.
Ved manglande oppmøte (no-show) vert stadfesta rom og aktivitetar, til dømes båttur eller arrangement, belasta i sin heilskap.
Avbestilling av stadfesta hotellrom må skje seinast 30 dagar før avtalt ankomst. Dersom stadfesta hotellrom vert avbestilt mindre enn 30 dagar før avtalt ankomst, vert den stadfesta prisen belasta i sin heilskap.
Alle rom er røykfrie. Vi ber om at røyking berre skjer på tilviste område.
SKADE
Gjesten er sjølv økonomisk ansvarleg for eventuelle skadar på hotellrom, inventar eller anna utstyr som gjesten eller gjestene har valda.
FORCE MAJEURE
Ved hendingar utanfor vår kontroll, som streik, brann, ekstremvêr, pandemi eller andre forhold som medfører at opphaldet eller aktiviteten ikkje kan gjennomførast, tek vi atterhald om retten til å kansellere opphaldet eller aktiviteten utan ytterlegare ansvar for å yte kompensasjon.
Ugunstige vêrforhold som vert rekna som normale for årstida i vår region, er i seg sjølve ikkje grunnlag for, og endrar heller ikkje, gjeldande reglar for avbestilling.
FORSIKRING
Vi tilrår at alle gjester teiknar avbestillingsforsikring hjå eige forsikringsselskap, mellom anna for å dekkje avbestilling grunna sjukdom. I tillegg oppmodar vi alle gjester om å reise med gyldig reiseforsikring.
BETALING OG PRISAR
Vi tek atterhald om prisendringar som følgje av auka kostnader til innkjøp, tenester, valuta, skattar, avgifter eller andre forhold utanfor vår kontroll.
Hotellet er i hovudsak kontantfritt, og vi oppmodar gjestene våre til å nytte elektroniske betalingsløysingar. Hotellet aksepterer MasterCard, Visa og American Express. Ved kontant oppgjer vert berre norske kroner (NOK) aksepterte. Hotellet tek atterhald om retten til å ta imot inntil NOK 20 000 i kontantar.
Vi aksepterer ikkje faktura for individuelle reservasjonar.
DOMSTOL
Dersom usemje mellom partane i denne avtalen ikkje vert løyst i minneleg form, skal saka avgjerast av norsk domstol. Avgjerda er endeleg.
AKTIVITETAR OG BÅTTURAR
Alle reservasjonar, endringar og kanselleringar må sendast skriftleg. Vi tek atterhald om retten til å endre eller kansellere turar på grunn av uføresette problem med utstyr eller mannskap, samt vêrtilhøve. Når vêrtilhøva gjer den opphavlege ruta uforsvarleg, tek vi atterhald om retten til å kansellere turen. Alternativt kan vi endre ruta for å sikre at deltakarane får ei trygg og tilfredsstillande oppleving. Endring av rute på grunn av vêr gjev ikkje grunnlag for refusjon eller prisavslag.
Alle deltakarar er sjølve ansvarlege for eiga fysisk og psykisk helse, vurdert opp mot karakteren av turen. Deltakarane skal alltid følgje instruksane frå guide eller båtoperatør. Ansvarleg person har rett til å nekte deltaking dersom dette vert vurdert som ein tryggleiksrisiko. Dette kan vere knytt til helse, fysisk tilstand, påverknad av alkohol eller rusmiddel, eller dersom personen er til vesentleg sjenanse for andre deltakarar.
Bruk av og medbringing av personlege eigedelar på aktivitetar eller båtturar, som kamera, mobiltelefon, vesker, smykke og briller, skjer på deltakaren sitt eige ansvar.
Sein ankomst kan føre til ein kortare tur eller til at turen ikkje vert gjennomført. Turen må likevel betalast i sin heilskap, og det vert ikkje gjeve refusjon.
Kansellering av ein stadfesta aktivitet må skje skriftleg seinast 30 dagar før avtalt ankomstdato. Dersom ein stadfesta aktivitet vert kansellert mindre enn 30 dagar før avtalt ankomstdato, vert den stadfesta summen belasta i sin heilskap.
PERSONVERNPOLICY
Vi tek atterhald om endringar i vilkåra for einskilde arrangement eller for avgrensa periodar. Hotellet eller leverandøren av arrangementet vil gje nærare informasjon om dette.