
Afternoon tea
Kvar laurdag serveres Afternoon tea i Solstova, 14–16. Reserver bord for ei smaksoppleving med historiske røter.


Laurdagar
14.00 ——— 16.00
Kvar laurdag serveres Afternoon Tea i Solstova – ein tradisjon som har vore dyrka her i over hundre år.
Lokale smakar, heimelaga delikatesser og utsøkte tear serveres over fire etasjar, frå salte smårettar til søte bakverk. Menyen følgjer årstidene og framhevar lokale råvarer.
Omkransa av frodige dalar og majestetiske fjordar, ligg Union Øye i ein region rik på dei aller beste lokale råvarane frå fjorden, jorda og årstidene på Sunnmøre. Vårt kjøken hentar råvarer direkte frå lokale produsentar, og nyttar klassiske teknikkar i foredlinga av råvarene.
Som ein del av Relais & Châteaux er vi forplikta til ei matoppleving som er ærleg, sesongbasert og forankra i regionen vår.







Måndag – søndag
08.00 ——— 10.00
Start dagen med ein lang frukost i lysfylte Conservatory. Kvar morgon serverer vi ein kald buffet fylt med lokale delikatesser – spekemat frå Ringdal, røykelaks og nøye utvalde ostar frå regionen. Kjøkknet vårt bakar ferskt brød kvar dag, og kvar haust konserverar vi handplukka bær frå dalane rundt til våre heimelaga syltetøy. À la carte-menyen kan du velje mellom delikate varme retter som eggs royale og vår tradisjonelle havregraut som vi har servert i generasjonar. Denne tilnærminga ga Union Øye ein andreplass i den prestisjetunge Twinings-frukostkåringa, og sikrar ein storslått start på dagen blant fjordane.


Tysdag til laurdag
15.00 ——— 18.00
Tirsdag til laurdag er kjellarmeisteren til stades mellom klokka 15 og 18, klar til å rettleie deg gjennom utvalet. I kjellarmeisterens kontortid treng de ikkej å bestille tid på førehand.
Sett deg ved langbordet for ei guida smaking, eller la kjellarmesiteren anbefale eit glas for kvelden.

Lunsj og middag i historiske omgivnader. Her har gjestar stilla svolten i generasjonar.

Ei eksklusiv restaurantoppleving med ein sesongbasert meny.

Det sosiale hjartet av hotellet, med handlaga cocktails og smårettar