
Afternoon tea
Kvar laurdag serveres Afternoon tea i Solstova, 14–16. Reserver bord for ei smaksoppleving med historiske røter.
BESTILLING
Bestillinga er bindande når ho er stadfesta skriftleg av hotellet. Gjesten vil få skriftleg stadfesting av bestillinga per e-post. Det er 18 års aldersgrense for bestilling av overnatting. Hotellet atterheld seg retten til å avvise eller kansellere bestillinga ved ankomst dersom gyldig legitimasjon ikkje vert lagd fram.
Alle bestillingar, endringar og avbestillingar skal meldast skriftleg. Ei bestilling vert rekna som endeleg stadfesta først når skriftleg stadfesting ligg føre frå hotellet. Hotellet pliktar ikkje å gi nærare informasjon om arrangementet til deltakarane før slik stadfesting ligg føre.
INFORMASJON
Ved gruppebestillingar skal følgjande informasjon sendast skriftleg til hotellet seinast 4 veker før arrangementet, dersom ikkje anna er avtalt skriftleg:
BETALINGSVILKÅR
Ved bestilling skal det betalast eit depositum på 30 % av totalbeløpet. Depositumet er ikkje refunderbart, med mindre anna følgjer av skriftleg avtale. Resterande beløp for stadfesta bestilling skal vere hotellet i hende seinast 30 dagar før ankomst.
Hotellet kan krevje gyldig kredittkort som tryggleik for bestillinga. Betaling med faktura føreset førehandsavtale og skriftleg godkjenning frå hotellet før kontrakten vert signert. Med mindre anna er avtalt skriftleg, skal heile beløpet for stadfesta overnattingar betalast seinast 30 dagar før ankomst.
AVBESTILLING
Avbestilling av stadfesta hotellrom skal skje skriftleg seinast 90 døgn før avtalt ankomst. Innbetalt depositum på 30 % vert ikkje refundert. Ved avbestilling av stadfesta hotellrom mindre enn 90 døgn før avtalt ankomst, har hotellet rett til å krevje betaling av heile det stadfesta beløpet.
Reduksjon eller kansellering av måltid som vert meldt mindre enn 4 veker før arrangementet, vert fakturert til full pris. Endringar i måltidsbestillingar skal meldast skriftleg til hotellet.
INNSJEKK – UTSJEKK
Innsjekk frå kl. 16:00. Innsjekk etter kl. 18:00 må avtalast.
Utsjekk kl. 12:00; seinare utsjekk må avtalast.
Dersom delar av opphaldet eller tilleggstenester skal betalast individuelt av deltakarane, atterheld hotellet seg retten til å krevje gyldig kredittkort ved innsjekk som tryggleik for slik betaling.
Ved ikkje-frammøte (no-show) har hotellet rett til å belaste stadfesta rom, aktivitetar og andre avtalte ytingar i si heilheit.
Alle rom er røykfrie. Røyking er berre tillaten på tilviste område.
SKADE
Arrangøren er økonomisk ansvarleg for skade på hotellrom, inventar eller anna utstyr som vert valda av arrangøren, deltakarane eller andre som arrangøren svarar for.
FORCE MAJEURE
Hotellet er ikkje ansvarleg for manglande oppfylling av sine plikter når dette skuldast hendingar utanfor hotellet sin rimelege kontroll, herunder mellom anna streik, lockout, brann, ekstremvêr, pandemi, offentlege påbod eller andre force majeure-tilhøve. I slike tilfelle kan hotellet endre, utsetje eller kansellere opphaldet eller aktiviteten utan plikt til å betale erstatning eller annan kompensasjon.
Ugunstige vêrforhold som vert rekna som normale for årstida i vår region, er i seg sjølve ikkje grunnlag for, eller endrar ikkje, gjeldande reglar for avbestilling.
FORSIKRING
Hotellet tilrår at alle gjestar teiknar avbestillingsforsikring og gyldig reiseforsikring. Gjesten er sjølv ansvarleg for å sikre at nødvendige forsikringar ligg føre.
BETALING OG PRISAR
Hotellet atterheld seg retten til å justere prisar dersom kostnader til innkjøp, tenester, valuta, skattar, avgifter eller andre forhold utanfor hotellet sin kontroll vert vesentleg endra før levering finn stad.
Arrangøren er ansvarleg for alle ubetalte krav frå deltakarane som knyter seg til opphaldet, herunder krav frå bar, minibar, restaurant, romservice og andre tenester som ikkje er gjorde opp av den enkelte deltakaren.
Vi ynskjer å vere eit kontantfritt hotell og oppmodar våre gjestar til å nytte elektroniske betalingsløysingar. Hotellet aksepterer MasterCard, Visa og American Express. Det er berre norsk valuta (NOK) som vert akseptert ved kontant oppgjer. Hotellet tek atterhald om retten til å ta imot maks NOK 20 000 i kontantar.
Eventuell kreditt skal avtalast på førehand og er ikkje bindande for hotellet før skriftleg godkjenning ligg føre. Betalingsfristen ved innvilga kreditt er 10 dagar netto, med mindre anna er avtalt skriftleg. Betalingsinformasjon for hotellet går fram av tabellen under og vil òg vere oppgjeven på faktura.
Adresse
Hotel Union AS, N-6196 Norangsfjorden
Org.nr
NO 994 003 992
Bank
Sparebanken Møre
Konto
3905 12 64006
IBAN
NO53 3905 12 64 006
SWIFT
SPARNO22
Merk: Vennlegst verifiser IBAN-nummeret.
BUY-OUT
Dersom ei bestilling omfattar 80 % eller meir av hotellet sin totale kapasitet, atterheld hotellet seg retten til å stille som vilkår at heile hotellet vert bestilt. For buy-out-bestillingar kan hotellet krevje depositum ved signering av kontrakt. Storleiken på depositumet vert fastsett ut frå omfanget av bestillinga og er ikkje refunderbart, med mindre anna er avtalt skriftleg. Betaling for stadfesta overnatting, mat og aktivitetar skal vere motteken seinast 6 veker før ankomst.
DOMSTOL
Tvistar som spring ut av denne avtalen, og som ikkje vert løyste ved forhandlingar mellom partane, skal avgjerast av ordinære norske domstolar. Verneting er hotellet sin vernetingskrins, med mindre anna følgjer av ufråvikeleg lovgiving.
AKTIVITETAR OG BÅTTURAR
Alle bestillingar, endringar og kanselleringar knytte til aktivitetar og båtturar skal meldast skriftleg. Hotellet eller leverandøren atterheld seg retten til å endre, utsetje eller kansellere aktivitetar ved uføresette forhold, herunder forhold knytte til vêr, tryggleik, utstyr eller mannskap. Dersom opphavleg rute eller gjennomføring vert vurdert som uforsvarleg, kan hotellet eller leverandøren endre rute eller opplegg utan at dette gir rett til refusjon eller prisavslag, så lenge ei forsvarleg gjennomføring vert tilbydd.
Den enkelte deltakaren er sjølv ansvarleg for at vedkomande har den fysiske og psykiske føresetnaden som aktiviteten krev. Deltakarane pliktar å følgje instruksar frå guide, båtoperatør eller annan ansvarleg person. Hotellet eller ansvarleg leverandør kan nekte deltaking dersom dette vert vurdert som nødvendig av omsyn til tryggleik, herunder ved helsetilhøve, påverknad av alkohol eller andre rusmiddel, eller åtferd som er til hinder eller ulempe for andre deltakarar.
Personlege eigedelar som vert tekne med på aktivitetar og båtturar, herunder kamera, mobiltelefon, vesker, smykke og briller, vert medbrakte på deltakaren sitt eige ansvar. Hotellet eller leverandøren svarar ikkje for tap av eller skade på slike eigedelar, med mindre anna følgjer av ufråvikeleg lovgiving.
Sein ankomst kan medføre forkorta aktivitet eller at aktiviteten ikkje let seg gjennomføre. I slike tilfelle pliktar kunden likevel å betale det stadfesta vederlaget i si heilheit, og det vert ikkje gitt refusjon.
Avbestilling av stadfesta aktivitetar skal skje skriftleg seinast 30 dagar før avtalt ankomstdato. Ved avbestilling mindre enn 30 dagar før avtalt ankomstdato, har hotellet eller leverandøren rett til å krevje betaling av heile det stadfesta beløpet.
PERSONVERNPOLICY
Hotellet atterheld seg retten til å endre desse vilkåra for einskilde arrangement eller for nærare fastsette tidsrom. Oppdaterte vilkår vil i slike tilfelle verte gjorde kjende av hotellet eller den aktuelle leverandøren.