
Afternoon tea
Kvar laurdag serveres Afternoon tea i Solstova, 14–16. Reserver bord for ei smaksoppleving med historiske røter.

I enden av Norangsfjorden, på Øye, ligg ei hotellperle frå ei svunnen tid, då det å reise betydde indre oppdagelse, lange dagar med lesing og fottureventyr i tweed. Heilt sidan opninga i 1891 har hotellet vore ein stad kor gjestar kjem for å nyte stilla, roa og det gode liv i storslegne omgivnadar.
Mens de tek inn stemninga, vil de bli overraska over dei historiske fakta som omgjev kvart av dei individuelt utforma roma. Alle er kalla opp etter kjende personledomar som har budd her; Keiser Willhelm, Kong Oscar, Dronning Maud og Prinsesse Victoria; forfattarane Karen Blixen, Knut Hamsun, Henrik Ibsen og Sir Arthur Conan Doyle; komponisten Edvard Grieg, fjellpionerar som William Cecil Slingsby og Kristoffer Randers og polfarar Roald Amundsen for å nemne nokre.
Bli inspirert av alle dei kjende forfattarane, fjellklatrarane, kunstnerane og kongelege de vil høyre om og lese om. Nyt smaken av fjordane i våre restaurantar og høyr gamle, spanande historier frå ei svunnen tid, delt i stovene etter middag.
Historia
Inst i Norangsfjorden, mellom kneisande tindar og den stille fjorden, er Union Øye ein stad for komfort i eit eventyrleg eldorado fullt av opplevingar. Berre minutt frå inngangsdøra finn de fotturar, nokre som er milde nok til å beundre naturens detaljar og andre er ville nok til å få adrenalinet til å bruse.
I 1887 opplevde Christian Thams – ein norsk arkitekt, industrimann og diplomat – eit kraftig jordskjelv på den italienske og franske rivieraen der han budde. Skjelvet krevde 600 menneskeliv, hovudsakleg på grunn av samanrasa mur- og teglbygningar. Han meinte at ein slik tragedie kunne vore unngått dersom man hadde brukt norske byggeskikkar med bindingsverkshus, og beslutta dirfor å begynne, frå sitt arkitektkontor i Nice, å selge prefabrikkerte hus produsert av familiens selskap M. Thams & Co. i Noreg.

Desse nye typane av prefabrikkerte hus fanga oppmerksomheita til Adolf Schieldrop då han besøkte Verdsutstillinga i Paris i 1889. Familien hans dreiv Schieldrops Hotel i Ålesund, og i arbeidet med å utvide verksemda til fleire stadar – og som ein ivrig tilhengjar av Sunnmørsalpane med lite omsyn til utfordringane ved dei usedvanleg korte somrane – bestemde Adolf seg, saman med sin partnar Stub, for å kjøpe to av Thams-bygningane for å bruke dei som hotell, éi til Øye og ei til Geiranger.
Ankomsten av bygninga med skip gjennom Hjørundfjorden i 1891 blei grunnlaget for det som gjennom tiår og seinare hundreåra utvikla seg til ein unik og segnomspunnen samling av venskap, eventyr, tradisjonar og opplevingar på tvers av generasjonar, nasjonalitetar og sosiale hierarki: Hotel Union Øye.
Hotellet har levd gjennom hundreårsskifte, overlevd øydeleggingar frå verdskrigane og vanskar ved finansielle kollapsar, og ikkje minst har hotellet overlevd nye, og no avleggse, arkitektoniske trendar.


Kombinasjonen av utsøkt komfort og eksklusiv plassering trekte til seg menneske som Charles Watson Patchell og William Cecil Slingsby, som gjorde Sunnmørsalpane til sine sommarlege klatrelekeplassar – ryktet om kvalitet, komfort og eventyr på Øye spredte seg over heile Europa, og hotellet blei det føretrekte reisemålet for celebritetar og adel.
Fjellklatraren Patchell, som var den første til å bestige uttalige sunnmørske fjell blei servert havregraut til frukost av den noverande hotelldirektørens tippoldemor, då ho meinte at man trong ein god porsjon graut før man la ut på fjellferd. Grauten blir framleis servert den dag i dag, etter same oppskrift, heilmjølk, ekte smør og litt salt, gjerne toppa med mjølk og sukker for at energien skulle halde til heile dagens eventyr.
Veggane på Union Øye har vore vitne til mange personlege underverk. Og er det fortsatt. Fjordane var den gong, som no, attraktive vassvegar for lystbåtane til dei velståande ferierande. Når dei først hadde lagt til kai, opna ein kort spasertur dørene til ei ny verd – det var få hus, små gardar, sunne og hardføre menneske, nysgjerrige og gjestfrie ovanfor desse turistane som kom for det Noreg kunne tilby: urørt natur, unik kultur, stadig skiftande ver og lokale kulinariske tradisjonar.
På Øye vandra Karen Blixen i fjella og skreiv bøker, nobelprisvinnarar som Bjørnstjerne Bjørnson framførte dikta sine for vener i salongen, Edvard Grieg spelte og komponerte ved salongens piano, og Sir Arthur Conan Doyle tvinna og vov romanplott til sine Sherlock Holmes-forteljingar. Annankvart år, frå 1890 til 1908, besøkte keiser Wilhelm II ferien sin på Union Øye – hendingar som framleis stillferdig markerast i den lokale historia.

I den augeblinken de trer inn, vil de bli overvelda av tidas spor og lag av komfort – knirkinga i tregolvet, veggane pryda med små og store restar av klatreutstyr frå svunne tider, og rekkjer av fotografiar av eventyrarar frå glansdagane. I Solstova står eit flygel som den dag i dag er klart til å vere midtpunktet for den musikalske underhaldninga.
Roma er oppkalla etter dei fornemme gjestane som valgte Union Øye som stad for sine sommaropphald, då dei ønskte å kome langt bort frå kvardagens mas og samtidig unngå havtåka som ofte plagar feriegjestar langs kysten – og kome seg langt bort frå dei heite somrane lenger sør i Europa.
Her kan de gå ut i naturen i behagelege sommartemperaturar, dyppe føtene i fjorden og finne nye turar i det vakre landskapet. Fotturar i fjellet, jakt, fisketurar, tid til å lese ei god bok, stille stunder og tid til å nyte den ypparste luksus, nemleg tid.

