
Afternoon tea
Kvar laurdag serveres Afternoon tea i Solstova, 14–16. Reserver bord for ei smaksoppleving med historiske røter.

Ein hage med utsikt
Den viktorianske hagen strekk seg ut frå terrassen – slyngande stiar, syrinbuskar og bugnande blomsterbed, med ein dam i hjarte av hagen og utsikt mot fjorden og fjella. På varmare dagar opnast terrassen for mat- og drikkeservering under open himmel. I dei kaldare månedane kan ein gå på skeise på dammen, det tennes bålpanner, og det finst knapt ein betre stad å sitje med ein varm kakao, kaffi eller te i handa, medan snøen lavar ned.
Kjøkenhage og blomeeng
Kjøkenhagen er der kjøkenet byrjar. Villblomar veks fritt blant fruktre og rabarbra mellom tunhusa, medan kjøkenhagen bognar med urter, grønsaker og etelege blomar, og dei fleste dagar vil de finne ein av kokkane her, som plukkar ingrediensar til måltid eller cocktailar. Ein blometunnel er eit fortryllande syn frå frukostbordet og eit naturleg vegpunkt på stien frå gardstunet til den viktorianske hagen.








