
Afternoon tea
Kvar laurdag serveres Afternoon tea i Solstova, 14–16. Reserver bord for ei smaksoppleving med historiske røter.

Der historier blir fortalt
Ein stad å slå seg ned etter ein dag i fjellet, i dalen eller på fjorden – med ei bok, eit glas eller i godt selskap. På laurdagar serveres Afternoon Tea i Solstova, og kvar kveld samlar vertskapet gjestane for historier frå den tida då eventyrarar, kunstnarar og kongelege fylte nettopp desse romma.

Peiskos
Her blir du ønskja velkomen av åpen peis, mørke møblar og atmosfæra i eit rom som har absorbert eit århundre med gode samtalar. Den rette staden for ein drink på slutten av dagen, eller ein uforstyrra time utan noko som hastar.








