
Afternoon tea
Kvar laurdag serveres Afternoon tea i Solstova, 14–16. Reserver bord for ei smaksoppleving med historiske røter.



Måndag – søndag
18.00 ——— 20.30
Velkomen til bords i den historiske spisesalen der både Roald Amundsen, Bjørnstjerne Bjørnson og kongelege har stilla svolten før deg. Her i huset si historiske storstove blir det servert À la carte middag kvar kveld, laga med dei beste råvarene frå vår region.
Vi trur at luksus ikkje handlar om forklaringar eller raffinert iscenesetjing, men om nærvær, varme og integritet. Her kjenner du deg som ein gjest i ein heim med historie, der atmosfæren er varm, levande og inkluderande.


Måndag – Søndag
12.30 ——— 15.00
Eit roligare tempo, men med den same omtanken. Lunsj i den historiske spisesalen er ei uforstyrra oppleving med enkle rettar laga av sesongens råvarer. Vi arbeider med klassiske teknikkar, men med ei moderne kjensle av lettheit og presisjon.
Alt får den tida det treng for å bli slik det skal vere: krafta får koke langsamt, brødet får heve i fred, og vi tek oss tid til å sylte, røyke og lage mat skikkeleg, slik at smakane får utvikle seg med ro og omtanke. Hotellgjestar og lokalbefolkning er like velkomne til vår À la carte lunsj.