
Afternoon tea
Kvar laurdag serveres Afternoon tea i Solstova, 14–16. Reserver bord for ei smaksoppleving med historiske røter.



Cocktails og meir
12.30 ——— seint
Baren i Palmehagen er det sosiale hjartet av hotellet. Den er ikkje driven av trendar eller prestasjon, men av kjensla av å kome heim. Dette er ei stove som er varm, raus og ekte.
Her handlar ikkje luksus om overflod eller iscenesetjing, men om det nære og ekte: lokale råvarer, skandinavisk brennevin, godt handverk og ei kjensle av ro.
Baren er ein stad der gjester og lokale møtast, der tempoet senkar seg, og samtalar får vekse fram heilt naturleg.


Snacks
12.30 ——— 20.30
Maten i Palmehagen er laga for å deles. Enkel, førsteklasses og lokal – brød og smør, spekemat og ost, kaker og små konserverte delikatesser.
Her er det ikkje ein tradisjonell meny, men eit utval som er lett å forstå og dele. Alt er laga med omsorg for råvarene og med ein tanke om kvalitet framfor kompleksitet.
Maten skal ikkje krevje merksemd, men støtte opp om stemninga. Han ligg stille i bakgrunnen, slik at samtalar kan flyte fritt og tida kan få gå litt saktare.