
Afternoon tea
Kvar laurdag serveres Afternoon tea i Solstova, 14–16. Reserver bord for ei smaksoppleving med historiske røter.
Juniorsuitane i hovudbygninga ber det stille preget av eit hotell som har tatt i mot gjestar i godt over eit århundre. Kvar juniorsuite er individuelt innreidd, med ei sitjegruppe og utsikt mot fjorden, fjella eller hagen. Nokre har balkong, badekar og skrivepult. Her sit historia i veggane og som gjest er du omgjeven av det vakre frå ei svunnen tid.




















